Post on 28-Mar-2016
description
Juliane Rui
Den hesten er av snø
Dikt
Samlaget
Oslo 2011
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 3
© 2011 Det Norske Samlagetwww.samlaget.no
omslagsillustrasjon: David Sanchezomslag: Johanne Hjortholførtrykk: Samlagetskrift: Adobe Garamond 11/13,5papir: 100 g Munken Print Creamtrykkeri: AIT Otta ASPrinted in Norway
ISBN 978-82-521-7808-1
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 4
7
Fingranes vesen uroar
kvart sinn. Novu va
taneme. Celi arpore.
Eg kan ikkje skrive så mange ord
det er som det forsvinn.
Eref ind oihte. Uut
elur. Her skulle vore
eit lydspor, ei luke og de opna
og ei stemme song ord de ikkje forstår.
Som å høyre ein japansk eller fransk song
når ein ikkje kan språket.
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 7
Haust. Eg kunne snakke
om kvelden. Eg kunne peike.
Eg kunne sjå på
stjernene. Eg kunne vende
orda. Bøye strenger.
Ei fele. Eg kunne vore mildare
lettare. Revar. Eg kunne leike
i kvelden. Eg kunne vêre
gradvis i mørkret. I vindar.
Eg kunne folde
vindar, eg kunne
ein morgon halde fram
denne gonga som mi
denne keitete denne lågare
stemma, men eg
ville ikkje vite anna enn:
Eg ville verke, ville hente
ut av trådane, eit varmt pinnsvin. Hendingar
frå andre soler av.
8
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 8
9
Eg ønskjer å vere som
dei kinesiske dikta
klar
sannferdig
Det verste eg gjorde
på vegen heim
var å tolke ein gest
Eg kledde meg i gjennomskinleg
for å notere ned
fuglane
Fuglar?
Kvar hadde du vore?
Fuglar der ute
eg skriv dei i boka
det er det (beste)
eg kan gjere
(song)
I wish to belike those chinese poemstruthful, clear
The worst thing I did
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 9
10
on my way homewas to unform the clay
make an owlmake you recollect
human sounds
I dressed all in transparentto write the birds down
it isthe best I can do
now I must rest
now I must
now I must rest
I must
decipher
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 10
11
Set ring kring foten.
Det skal vere ein liten låsemekanisme.
Lågvatn. Eg får det ikkje til.
Det klistrar seg
eg skrapar meg på rur.
Eg syng først
lyst. Lukkar noteboka.
Eg syng mørkare.
Om verda, utan sårheit
korleis er det
for ein fugl å vere stum?
Fysiologi. Hvordan kan
slangene fiskene fuglene høre.
Viss songen går
to trace a hoUl
og det er eit hòl, som under bakken
når frosten kjem
hòl i dine jakkeerme
eller det er ei nedteikning
av eit heile.
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 11
Elgen. Eg er ein okse.
I våren
paringa. Eg stryk ho
med geviret
med mulen.
Halvlys
vi stansar.
Lauv, eit bær
eg hentar.
I ein vinter, eg var.
I ein vinter
knelande i snøen.
Fordjuping i snø.
Vinden stilna
i trekronene. Lydhør.
Eg var aleine.
12
Den hesten er av snø ferdig.qxd:a 12-08-11 07:50 Side 12